Audun i austre Ungarn
  17. september 2004
  Eg bur i niande etasje i ei vakker betongblokk frå ein ukjend tidsepoke saman med fire andre. Den eldste av dei er ein rumenar som tek engelsk hovudfag, berre av di mammaen hans vil det, medan han sjølv eigentleg vil bli brannmann. Den ungarske kjærasten hans har studert molekylær biologi, og jobbar no med å dissekere små dyr eller noko i den duren. Ein ungarsk arkitektstudent som talar god tysk, men ingen engelsk, og til sist ein ungarar som heiter Gevær eller noko slikt, og studerar nokoi retning "Yes, business man." Sistnemnde talar berre ungarsk, og er interessant nok den einaste av dei eg bur med eg nesten kan namnet på. Det er ikkje mi skuld, ungararar presenterer seg med fyrst etternamn, og dinest fornamn, og det heile skjer ganske fort. Eg skal gjere eit nytt forsøk på å skjøne kva dei seier seinare i dag.

Eg har allereie rukke å fornærme dei fleste eldre damene i nabolaget rett og slett ved å vere ignorant nok til ikkje å vite at det er god folkeskikk å seie, "eg ynskjer Dykk ein vidare god dag" eller noko slikt, til alle eldre personar ein møter. Diverre er alt eg kan på ungarsk mellombels takk, ja, nei, hei, ha det, ein, to, tre, fire, øl, og frasen "nem tudom magyarul, tudsz angolul?" som praktisk nok tyder, "eg snakkar ikkje ungarsk, snakkar du engelsk?". Eg har ikkje fått høve til å nytte setninga endå, då mange av dei lokale framleis trur eg er ein uteliggar.

Ser fram til å byrje jobbe på måndag. So longt veit eg at eg skal halde eit engelsk- og eit tyskkurs, og truleg hjelpe til på ei filmgruppe. Eg er uviss på kva sistnemnde eigentleg inneber, men det kan sjå ut som oppgåva enkelt nok er å sjå videofilmar.


Huset mitt i Lehel Utca


Varme dagar i Debrecen

   
  Språkleg utvikling
  12. oktober 2004
  Ting går framover, og eg har no lært meg både namn og uttale av desse på samtlege av dei eg deler bustad med. Eg fann mellom anna ut at Gevær eigentleg heiter Gergely, og at han eigentleg ikkje heiter Gergely, men Atilla. (meir om han seinare) I tillegg har eg lært meg litt av dei meir fargerike delane av det ungarske språket, samt eit stort utval orsakingar, dersom eg på eit eller anna vis skulle kome til å fornærme nokon. (utenkjeleg) Personleg meiner eg at språk som har fleire kasus enn folk flest har fingrar og tær til saman er tåpelege.

Var på konsert med sjølvaste Alphaville i førre veke. (!!!) Det var fantastisk, men eg trur eg var den einaste i salen under førti år som kom av fri vilje. Samtlege av dei andre vitjarane var mann og kone, gjerne også med eit lite born eller to, dersom dei ikkje hadde fått tak i barnepassar. Eg har aldri sett so mange gamle folk hoppe opp og ned og skrike i takt samstundes, ei heller like mange fulle menneske i aldersgruppa førti pluss, eg vonar det tek litt tid før eg treng oppleve noko slikt på ny. Bandmedlemmene hadde òg tapt seg litt sidan det smekre åttital, og var no både skalla og runde og gode.

Frå torsdag til sundag denne veka vitja eg den idylliske landsbyen Hõllokö (Ramnestein), som ligg nord i landet, like ved den slovakiske grensa. Byen er skikkelig gammal, og UNESCO tykkjer han er kul. I alle høve dei eldste delane av han. Her arrangerte Mobilitas (det ungarske nasjonalkontoret for EVS-voluntørar) "volunteers club" for alle dei utanlandske volontørane i Ungarn, samt eit par ungarske eks-volontørar som fann det for godt å ta turen innom. På føremiddagane diskuterte vi kva problem ein møter eller kan risikere å møte på som volontørar i eit framandt land, og korleis ein best kan takle desse. Ettermiddagane gjekk med til leikar og underhaldning av ymse slag, og på kveldstid sørga vi for å gje dei lokale ølstovene ein økonomisk løft dei kjem til å tenkje attende på til longt utpå vinteren. Laurdag og sundag var det vinfestival i landsbyen, noko som tyda at fleire av vindyrkarane i området møtte opp med svære dunkar av eigenprodusert vin, som dei raust delte ut til einkvar som ynskja seg ein liten smak eller fem. Gratis. Som gode volontørar visste vi å setje pris på denne eineståande sjansen til å få oppleve ein tradisjonell ungarsk bygdefest. Dette prega både oppmøte til frukost sundag morgon, og diskusjonane utover føremiddagen. Delar av lokalbefolkninga i Hõllokö slit framleis med traumer etter dette uventa, og mildt sagt brutale møtet med ungdommar frå resten av Europa.


Alphaville-vokalist Marian Gold på sine eldre dagar. (Foto: Rene_Berlin )


Budapest by night

   
  Ungarsk vinter
  3. november 2004
  Det er november månad, og temperaturen ligg framleis like under tjue grader celsius på dagstid. Det er ikkje berre volontørar frå det det kalde nord som tykkjer dette er rart. Etter kva eg har skjøna frå lokalbefolkninga (les: ikkje stort) er det ganske uvanleg med slik ein temperatur så seint på året, men heilt utenkjeleg er det så absolutt ikkje. På nattetid kan temperaturen ramle heilt ned på iskalde fjorten grader, og ungararar flest utstyrer seg med hue og vottar, og gjev gjerne rare blikk til norske volontørar som spradar rundt med t-skjorte og bleike armar.
Kjøtkaker.. eller noko som liknar.. litt.. kanskje...

Eg gjorde eit desperat forsøk på å lage kjøtkaker her førre veke, men sleit litt med å finne dei rette ingrediensane. Eg laut difor improvisere ganske mykje for å få eit godkjent resultat. Eg plukka tilfeldige ungarske krydderposar i butikken, og tok med meg ting eg tykte likna på det eg trengde. Det var ikkje alt eg fekk med meg som hadde like mykje med kjøtkaker å gjere, men ein veit jo aldri når ein til dømes kan få bruk for kalkunpostei med sopp. Resultatet av den provisoriske kjøtkakedeigen kan skimtast til venstre. Eg må innrømme at kjøtkakene mine ikkje liknar heilt på dei i kokeboka mi, men smaken var likefullt fortreffeleg.
Motiverande arbeid

Arbeidet på ungdomssenteret går godt. Til å byrje med var det ikkje så mykje å gjere, men eg har no fått fleire oppgåver, og byrja undervise både engelsk og tysk for nybyrjarar for to veker sidan. Det er morosamt, men ettersom engelskkunskapane til elevane ofte er verre enn ungarskkunnskapane mine slit vi litt med å kommunisere. Det går mykje i peiking, teikning og ordbøker.

Det eg likar best ved undervisinga er at absolutt alle elevane er utruleg entusiastiske, og sjølv dei som slit mest gjev aldri opp, men hald fram og prøver, og prøver. Det er veldig motiverande for meg å sjå at dei alle verkeleg har lyst å lære, og gjer sitt yttarste trass i lese- og skrivevanskar, tidlegare rusmisbruk, mishandling i heimen, eller andre situasjonar som kan gjere læringa vanskeleg.

Eit noko uventa problem med engelskundervisinga er at eg sjølv finn det vanskeleg å justere meg attende til eit normalt språknivå etter å ha tala ein svært enkel, tydeleg og sakte engelsk i nokre timar. Det mest interessante med saka er at eg til å byrje med ikkje la merke til det sjølv, og kunne finne på å seie noko slikt som dette til ein med engelsk hovudfag: "Hello. Hooow, aare, yoou, doo-ing? Yees. Thaank, yoou, veeryy gooood." - Alt saman medan eg gestikulerar vilt med armar og bein. Dette resulterer som oftast i at den eg talar med anten byrjar å le, ser rart på meg og spør kor mange kromosom eg har, eller berre går sin veg av di eg trur eg gjer narr av han.

At å prate ungarsk skulle kome til å verte eit problem var eg klar over, men eg hadde ikkje forventa at engelsken og skulle verte problematisk.




Nabolaget mitt


På veg til jobb ein tidleg morgon

   
  Ungarsk presentasjon, del II  
  19. november  
 
Eg har tidlegar påpeika vanskane rundt ein ungarsk presentasjon. Fullstendig ukjende namn og lydar vert heilt uventa kasta rett i fleisen på meg, og attpåtil i feil rekkefølgje. Det varmar meg difor heilt ned i Dalsbusokkane at ungararane ser ut til å ha minst like store problem med namnet mitt. Det er sjeldan eg presenterer meg med fullt namn når eg møter jamnaldrande, men om det så skjer, så skjer det i alle høve på rett vis.

Rekkefølgja namna kjem i er sjølvsagt heilt likegyldig, då eg likevel må gjenta alt ein tre-fire gongar før nokon i det heile innser at det er eit namn eg prøver å fortelje dei. Her listar eg opp dei tre vanlegaste reaksjonane når eg presenterer meg med fullt norsk namn:

1. Eit rart blikk, etterfylgt av tvilande augekast mellom dei ungarsktalande personane i nærleiken.
2. "Tessek?" som er ungarsk for "orsak meg?" eller austerriksk for "tosk!"
3. "Thank you, I am fine."

Likskapen mellom namnet "Audun" og frasen "how do you do?" er ganske liten i mine øyre, men svaralternativ nummer tre førekjem overraskande ofte. Eg har meir enn ein gong sett meg nøydt til å nytte det ungarske namnet Ödön for å gjere meg forstått. Her listar eg opp dei tre vanlegaste reaksjonane når eg presenterer meg som Ödön:

1. Latter
2. Eit forsøk på å la vere å le, men dinest latter
3. Eit fnys, med påfølgande latter

Denne presentasjonen framkallar latter sjølv hos dei eldste og mest høflege personar eg talar med. Namnet kan samanliknast med det norske "Harry", eller "Vidkun", berre veldig mykje verre. Det finst ingen i Ungarn som heiter Ödön, eller i alle høve ingen som frivillig innrømmer at han er ein Ödön. Utanom meg.

Dubba filmar

Eg var på kino på sundag, og det var verkeleg gode greier. Filmen var diverre dubba til ungarsk, så eg skjøna ikkje stort av samtalane som føregjekk på lerretet. Men, ettersom filmen heitte "Alien vs. Predator" trur eg ikkje eg gjekk glepp av dei heilt store dialogane, det er faktisk godt mogleg at filmen var betre no som eg ikkje skjøna anna enn "ja", "nei" og "AAAARRRGH!". Dei tre siste kvartera av filmen skjøna eg absolutt alt som vart ytra, då det ikkje var anna enn god, gammaldags, klår og enkel, internasjonal vald. Eit meisterverk. Dersom eg nokon gong ser filmen på ny skal han vere dubba til eit språk eg kan endå mindre av. Kanskje tyrkisk.

Guffent haustvêr

Eg vakna her ein morgon og oppdaga at heile den varme ungarske "vinteren" min brått hadde reist sin veg, og etterlete ein mykje kjøligare, våtare, og meir vindfull vinter. For fyrste gong sidan eg kom til Ungarn laut eg lukke att vindauget mitt. Ikkje grunna kulda, snarare grunna regnet som fossa innover skrivebordet mitt, og vinden som reiv Alphaville-plakaten min rett ned frå veggen og slengde han i eit hjørne saman med alt anna flyttbart rommet mitt hadde å by på.

Det er litt trist at eg ikkje lenger kan late att auga, la sola varme andletet, og late som det er sumar, men no kan eg late att auga, la regnet piske meg i andletet, og late som eg er i Sunnfjord. Og det er jo nesten like bra.

 


Utsikt frå rommet mitt


Nagytemplom

   
  Tommeltur til Romania
  8. desember 2004
  Eg var ein snartur innom Romania for nokre veker sidan, ein av dei eg bur med er Transilvania-Ungarer, og laut difor reise til det ungarske konsulatet i Romania for å fornye opphaldsløyvet sitt. Ettersom alle elevane mine var i Nederland den dagen gjekk det heilt greitt at eg vart med. Vi stod opp litt før klokka vart fire, heiv i oss nokre koppar krutsterk kaffi, og tok bussen til ein landsby tjue kilometer vest for den rumenske grensa. (Debrecen ligg seksti kilometer frå grensa.) Det var framleis mørkt, det regna, og morgonskodda låg tjukk då vi stilte oss opp i vegkanten og vifta med nokre optimistiske tomlar. Etter å ha hutra på grøftekanten ein tjue minutts tid stoppa ein gammal Trabant som køyrde oss til grensa. Den ungarske grenseposten gjekk kjapt, medan den rumenske grensevakta brukte om lag eit kvarter på å gå med på at Noreg kanskje var eit ekte land likevel, og slapp meg gjennom. Femten meter inn i Romania stilte vi oss opp på ny, og fekk denne gongen haik med ein stor, tjukk man med skjegg og dress etter berre to minutt. Ferda gjekk vidare til Oradea, og dinest til Cluj-Napoca, ein by som ligg 220 kilometer frå den ungarske grensa, og vert rekna som hovudstaden i Transilvania.

Byen var dekka av eit tjukt lag med is og slaps, og det bles kraftig. Med andre ord, eg stortrivdest. Vi laut vente nokre timar etter å ha levert passet til det ungarske konsulatet, og dinest nokre timar medan vi venta på eit tog attende til Oradea. Ettersom vi laut feire at vi hadde nådd Cluj-Napoca på rekordtid, og rumenske ølprisar ligg hakket under dei ungarske, seier det seg sjølv at stemninga var ganske god då vi entra toget som skulle ta oss vest, og heimover. Alt i alt kosta reisa meg med alle utgifter om lag ein halv million lei, eller litt under ein hundrelapp om du vil.

Voluntørvitjing i vest-Ungarn

Eg vitja nokre volontørvener av meg i Pécs i helga. Byen ligg heilt sørvest i landet, ikkje so alt for longt frå verken Kroatia eller Serbia & Montenegro, men dei lyt båe vente til ein gong eg har litt betre tid på meg. Byen er omlag på storleik med Debrecen, men det kryr av Erasmus-studentar der, og allereie fredag kveld møtte eg min fyrste nordmann sidan tolvte september. Eg har tidlegare snakka langsam norsk med svenske og danske volontørar, men å møte ein retteleg vestlending der eg fritt kunne utfalde meg på mitt eige tungemål var verkeleg godt. (Takk Tore!) Fleire volontørar frå Budapest var òg i byen denne helga, og eg trur aldri karaokebarane i Pécs kjem til å verte dei same att.
Klin kokos naboar og sprø huseigarar

Ny bustad

Eg har tidlegare nemnt at bustaden min er i tiande høgda i ei gammal sosialistblokk, saman med fire andre ungarar, men for augneblunken stemmer ikkje dette heilt. To av dei har flytta ut, og to andre, derav ein nordmann som heiter Audun, har blitt kasta ut på tvilsamt grunnlag. Problema byrja eigentleg då vi fann ein mykje betre, og mykje billigare bustad i ein anna del av byen, og opplyste huseigar, slik kontrakten tilseier, at vi ynskja å flytte. Huseigar derimot, den godaste fru Nagy (som for øvrig er ungarsk for "stor", og er eit utruleg passande namn) tok dette ille opp, og sendte herr Nagy (som framleis er ungarsk, men burde tyda "endå større") for å snakke oss til rette. Dette gjorde han på eit noko aggressivt og høglydt vis, og det heile på ein svært gebrokken tysk.

- "Bezahlen Sie? Ja? Ja? Nein?...NEIN!? NEIN NEIN NEIN! BEZAHLEN! BEZAHLEN JA!! JA!!" (dette er direkte sitat)

I ettertid (ti minutt seinare) fann vi heile episoden hysterisk morosam, men akkurat der og då var han meir ei plage. Dagane gjekk, helga kom, og måndag morgon ringer fru Nagy (som kanskje tyder "teit i trynet" òg), og fortel oss at naboane har klaga på valdsam festing heile helga, og at ho vil ha oss ut innan månaden er omme. Vi var sjølvsagt glade for å verte kasta ut, då dette var akkurat det vi ynskja, men tykte naboklagane verka litt merkelege, ettersom ingen av oss hadde vore i Debrecen i det heile teke den helga. Mindre underhaldande var det å få vite at ho difor valde å behalde depositumet på tjue tusen forint. For denne summen kunne eg elles fått:

- Rundt åtti halvlitarar på ein dyr uteplass
- Ti togreiser med InterCity-tog til Budapest
- Tjue kilogram kjøtdeig frå Match
- Førtifem store gyros frå grekaren bak kyrkja utan tak (dei beste)
- Tusen tyggiskuler frå tyggiskuleautomaten på InterSpar
- Fem komma sju konsertar med Alphaville

Sjølvsagt er det somme ting eg kjem til å sakne når eg no forlét Lehel Utca 10. Mindre enn fem minutts gange til InterSpar, tre minutt til ein anna daglegvarebutikk, og i sjølve bygningen finst det ikkje mindre enn to ølstover, båe med eit svært underhaldande klientell.
Galne-Janos

Galne-Janos

Ting eg ikkje kjem til å sakne er mellom anna den klaustrofobiske heisen som slår seg vrang to gongar om dagen i veka, og fire gongar om dagen i helgene, eller Galne-Janos, naboen min i etasjen under. Han går under namnet Galne-Janos av den enkle grunn at han heiter Janos, og er klin galen. Mellom klokka fem og åtte kvar morgon finn han fram ein hammar, eit skrujern, eit stort ausekar eller ein anna metallgjenstand, og byrjar denge på radiatoren sin. Dette finn eg litt plagsamt ettersom radiatoren hans er like under radiatoren min, lyden forplantar seg gjennom metallrøyra, og dundrar ut om lag førti centimeter frå øyret mitt, uansett om det er tysdag, fredag eller sundag morgon. Nokre timar seinare finn han fram noko som kan høyrest ut som ein hammar, og byrjar snekre litt. Om han verkeleg snekrar eller berre slår i veggen av di han tykkjer lyden er artig veit eg ikkje


Eit rumensk tog


Ein kvilepause på ein pub i Cluj-Napoca etter ein long og slitsam haikedag.

   
  Attende i Magyarország
  25. januar 2005
  Vel motivert etter den førre kjøtkakesuksessen (sjå 2. november) våga eg invitere til "norvég este" (norsk kveld) nokre dagar etter å ha returnert frå jule- og nyttårsfeiring i gamlelandet. Med ein slik kveld i tankane hadde eg teke med meg ymse særnorske ting frå heimelandet. Desse inkluderte mellom anna brunost, flatbrød, tyttebærsylte, mjølkesjokolade og Hansa pilsner. Sistnemnde skulle vise seg å vere eit mistak. Ein plass mellom innsjekkinga på Oslo Gardermoen, og bagasjebandet på Budapest Ferihegy hadde sekken min fått litt hardare medfart enn eg opphavleg hadde tenkt meg. Dette gjorde ikkje så mykje for dei andre passasjerane sin del, for ettersom sekken min er impregnert, fann væska ut at ho treivst godt der inne, og valde å marinere alt innhaldet framfor å leke ut på dei andre sekkane eller eventuelle hardhendte stuarar. Stratosen var lettare udelikat, full av små, brune glasskår, og med kraftig ølsmak. Dei nyvaska klede var ikkje fullt like nyvaska lenger, og korleis flatbrødet såg ut vil eg helst ikkje snakke om. Brunosten, tyttebærsylta, røykelaksen og kaviartuba klarte seg godt, og var berre dekka av eit klisse lag øl og glasskår som eg etter kvart fekk skylt av.

Liten tillit til brunost

Kjøtkakene eg lagde til den norske kvelden min vart om lag som førre gong, men sausen var mykje brunare og betre denne gongen, utan at retten fall stort betre i smak av den grunn. Med Morten Harket og andre norske slagarar i bakgrunnen so Bamsemums med små norske flagg i nevane godt an. Røykelaksen gjekk òg fort ned, medan kaviar og brunost var mindre populært. Til sistnemnde fekk eg fleire spørsmål som: "Et dykk verkeleg slikt noko i Noreg? Til vanleg? Verkeleg? Vaksne folk òg? *tenkepause* Sjukt." Dei fleste prøvde likevel å vere høflege, og kunne finne på å seie ting som "veldig godt", før dei diskret flytta rundstykket til tallerkenen ved sidan av.

Økonomiske vanskar = ferie?

Ting ser dårleg ut rundt prosjektet mitt akkurat no, ettersom EU med eitt har ombestemt seg når det gjeld løyvingane til organisasjonen min. Samstundes som vi gjekk inn i det nye året fann EU ut at dei ikkje hadde noko lyst å gje pengar til fritidsaktivitetane lenger. Ettersom jobben min opphavleg gjekk ut på å assistere dei andre tilsette med fritidsaktivitetane, har eg ganske mykje fritid akkurat no. Eg underviser engelsk åtte timar i veka, og det er i grunnen det. Ganske komfortabelt, men ikkje svært gjevande i lengda. Har uansett fri neste veke, skal til Budapest på ny volontørsamling, lik den i Hõllokö i september. Har kika rundt, men trur ikkje det er nokon vinfestival i nærleiken. Er litt letta.


Til den norske kvelden prøvde eg meg på kjøtkaker. Resultatet vart ikkje heilt etter læreboka.

   
  Kort orsaking
  18. mars
  Lenge sidan førre reisebrev no, det er berre å be om orsaking. Orsak meg. Eg har mellom anna vore på volontørsamling i Budapest, skiferie i Slovakia, vore dødssjuk, og hatt ei ufin oppleving hjå frisøren.

Våren er her

Den ungarske vinteren var brutal, men svært kort. Termometeret viste i dag seksten raude grader, men eg har overraskande nok ikkje rukke å bli solbrent. Andre vårteikn er at julenissane vert fjerna frå butikkvindauga (erstatta av påskeharar), og at vi har oppdaga ein maurkoloni i kjøkkenvegen.

Volontørsamling

Samlinga i Budapest fann stad oppe i Buda-åsene, på eit hotell med overraskande høg standard. Som volontørar er vi vande med å ta til takke med dei litt under gjennomsnitt pene plassane, så eit hotell med eigen restaurant, bar og sauna var uvant, men slett ikkje å forakte. Den mest keisame hendinga på seminaret var vel då eg ramla ned trappa på veg til frukost, eller kanskje då den næraste butikken fortalde oss at dei rett og slett var utselde for øl. Trappenedramlinga var ei keisam affære berre for meg, medan dei som var vitne til hendinga fann det heile hysterisk underhaldande. Dagen etter kunne eg hauste medynk ved å vise fram ein olboge meir fargerik enn fire regnbogar og åtte ripsbusker til saman. Eg stolte ikkje på trappene eit sekund dei neste dagane.

Fleire av volontørane hadde eg ikkje sett på lenge, og gjensynsgleda var stor. Samstundes som det var trist å måtte ta farvel med somme av volontørane, var det endå verre å tenkje på at ved neste volontørsamling i april er det min tur å vende nasen heimover mot kaldare, dyrare, og mindre gjestfrie trakter.

"Ski"-ferie

Reisa til Slovakia var ikkje enkel. Temperaturar på ungarske bussar er eit heilt kapittel for seg sjølv, og kor mange personar det er lovleg å ha på ein buss er òg ganske interessant. Etter kva eg har erfart, er bussen full når det ikkje er fysisk mogleg å presse fleire personar inn i bussen. Dei som trudde ein måtte til Japan for fullstappa kollektivtransport tok feil, ein treng ikkje reise lenger enn Ungarn for å føle seg som veldig flat sild i veldig trong tønne. Å kome seg av på rett stopp kan stundom vere vanskeleg, for stiller du deg for nær dørene vert du rett og slett pressa ut når desse opnar seg.

Skituren var mislukka på skimessig vis, ettersom det viste seg at det ikkje fanst nokon stad å leige verken ski eller snøbrett i nærleiken. Dei av oss (les: fem av ni), som ikkje hadde teke med seg eige utstyr nytta tida til ting som snøballkrig, snømannbyggjing, og namneskriving med gul skrift i snøen. (Det er verre for ungararane, dei har gjerne aksentar over vokalane i namna sine.)

Sjukdom og forfall

Av uforklarlege grunnar tok den ungarske vinteren til sist knekken på meg, og sendte meg boms i bakken, to veker i strekk. Så der låg eg med kraftig biholebetenning (nokon som veit kva det heiter på nynorsk?), og ein lumsk lungesjukdom (som eg berre kjenner det ungarske namnet på), og knaska penicillin. Eg hadde ingen bøker å lese, men heldigvis gjekk det mykje interessant på fjernsynet. Uheldigvis var alt dette å ungarsk, og difor ikkje so veldig interessant likevel. Eg fann til sist ein tåkete tysk kanal, der eg kunne vere vitne til at tilfeldige åleinemødre fekk pussa opp kjøkkena sine før eg omsider sovna, og gjekk attende til dei meir underhaldande feberdraumane.

Nye språkvanskar

Var hos frisøren her ein dag, noko eg hadde utsett lenge. Har rett og slett vore redd for å gå dit. Kanskje skjøna ikkje frisøren engelsk, kanskje vart resultatet noko frå ein annan tidsepoke.. Eg tok til slutt mot til meg og gjekk for å klyppe meg. Det heile byrja med at frisøren ikkje prata engelsk, men eg klarte (med ei stygg kjensle av déjà vu djupt nedi magen) på middelmåtig ungarsk å forklare at eg gjerne ville klyppe meg. (Ettersom eg var i ein frisørsalong, og mannen var frisør trur eg ikkje han hadde så vanskeleg for å forstå akkurat dette.) Ting skjedde, og trass i desperate forklaringsforsøk enda eg opp med ein frisyre eg trudde var utdøydd for lenge sidan, utan at eg vil utdjupe dette noko nærare.


Attende i Magyarország

   
  Stø kurs austover
  7. april 2005
 
Eg held fram i same himmelretning eg har jobba i det siste, og tek neste aar som frivilleg engelsklaerar i Kina. Kan sjaa ut som opplegget byrjar i slutten av juli. Uviss paa om dette berre er förebuande kurs ei helg eller ei vekes tid, eller om det er hundre prosent stilling. Vi faar sjaa, dersom sistnemnde spörst det om det vert noko Sziget paa meg.

Skal uansett til den muslimske ørkenprovinsen Ningxia. Japp, det er den oransje klatten sirkus midt på der. Bra?

Den autonome provinsen Ningxia ligg skvist mellom provinsane Gansu og Indre Mongolia
   
  Mobilvanskar og farvel til Magyarország
  24. mai 2005
  Kall meg gjerne naiv, men når eg møter ein kar ein til to gongar kvar veke på ungdomsklubben der eg jobbar, so forventar eg ærleg tala ikkje at han skal stikke av med mobilen min berre for å selje han på næraste pøbb. Eg vart overraska, for å seie det slik. Spørst berre om han vart like overraska neste gong han kom til ungdomsklubben si inngongsdør, der han fann eit bilete av seg sjølv med fullt namn, og underteksten " tjuv!". Ingen på senteret har i alle høve sett han kome innom sidan.

Lommeboksvanskar

Den neste triste hendinga ag gjerne vil fortelje om er då eg gløymde att lommeboka mi i ein pirattaxi i utkants-Slovakia ein sein laurdagskveld. Ja.. eg fekk vel i grunnen sagt alt eg trengte i den fyrste setninga. Lite meir å fortelje om den saka, utanom at lommeboka utruleg nok vart returnert få dagar seinare. Rett nok utan sytten tusen forint, men eg fekk i det minste attende coop-medlemskortet mitt.
Påske i Kroatia

I påska var eg i Kroatia med andre volontørar og ei høgst malplassert mor. Etter lengre tids planlegging kom vi fram til at det billigaste alternativet ville vere å leige ein minibuss. Kvifor ei av dei andre volontørane absolutt ville ha med seg mor si på opplevinga skjøna aldri vi andre, og etter kvart ikkje ho heller.

Vi vitja Zagreb, der vi samla parkeringsbøter, sosa rundt i gamlebyen, og sov på landets verste (men billigaste) ungdomsherberge, før vi reiste vidare til nasjonalparken Plitvicka Jezera som for tida var delvis oversvømd grunna kraftig snøsmelting.

Etter å ha blitt søkkvåte i fossedrivet, vassa oppover tidvis svært fuktige turiststiar og kika på drukna smådyr mellom dei første vårblomane, drog vil til ein by med eit så artig namn at eg nesten ikkje kan skrive det. Heldigvis seier eit bilete meir enn tusen ord, og det burde halde i massevis ettersom det eigentleg berre var eit namn eg ville uttrykkje. Byen var utruleg vakker, og takka vere namnet, som var å finne på nesten kvart eit skilt og gatehjørne, gjekk eg og min rumenske ven Alex rundt og kniste heile dagen. (Den rumenske tydinga er noko i same retning som den norske.) Dagen gjekk med til å spasere langs båthamna, myse på båtane, og kike på byen sitt eige amfiteater. Sistnemnde prøvde krevje oss for nærare ti euro i inngongspris. Vi vitja difor amfiteateret frå utsida.

Bading

Sjølv om det ikkje var nemneverdig varmt i lufta, var det Middelhavet vi i fleire dagar hadde kika på, og siste dagen, då vi innsåg at det umogleg kunne verte noko varmare, tok vi mot til oss. Eg hadde ærleg tala ikkje noko spesielt lyst, men då ein volontør frå sørkysten av Frankrike heiv seg uti før meg hadde eg ikkje lenger noko val. Vi nordmenn har eit rykte å ta vare på når det gjeld kalde temperaturar generelt, både i luft og i vatn, so eg gjorde mitt beste for å late som om det iskalde vatnet ikkje hadde nokon nemneverdig effekt på meg. Eg kan ikkje sei eg lukkast.
Siste samling

Mi siste volontørsamling fann stad i Pécs, og eg var som vanleg to til åtte timar forseinka. Eitt av høgdepunkta var dagen vi drog i samla flokk til Villány, eit av dei mest fasjonable vindistrikta i Ungarn. Innbyggjarane er nok vande med turistar, men då gjerne busslaster eldre tyskarar eller italienarar, ikkje ein gjeng ungdommar frå heile Europa som talar ein grufull, stotrande ungarsk med ein aksent som gjev dei hovudverk.

Elles nytta vi ein del tid på å vitje andre volontørar sine prosjekt, og vi skjøna fort at det kunne vere svært stor skilnad på to prosjekt i same by. Medan somme jobba fire timar dagleg i ein barnehage, der dei tok oppvasken og leika med borna, hadde andre volontørar prosjekt der dei jobba åtte timar dagleg på sjukehus eller eldresenter, med meir eller mindre alt det innebar.
Attende til Debrecen

Etter Pécs reiste eg attende til Debrecen, der ein overfolka bustad venta meg. Som eg tidlegare har nemnt er vi fem personar på to soverom, pluss bad og kjøkken. Det var før. Den siste månaden vakna nærare åtte hundre kakerlakkar frå vinterdvalen og fann ut at dei òg ville flytte inn. Dei bur rett nok meir på og i veggane, enn på golvet der vi bur og går, men dei stinkar, og ikkje ein av dei har fram til no betalt ein einaste forint i husleige.

--------------------------------------------------------------------------------
Takk for alt!

Dette var siste nyhetsbrev frå meg, ettersom prosjektet mitt enda fjortande april med ein stor kake- og brusfest på ungdomsklubben min. Siste månaden levde eg på sparepengar og andre volontørar sin godvilje, der eg flaksa frå sofa til sofa mellom forskjellige volontørbustadar rundt omkring i landet.

Alt i alt har eg hatt eit fantastisk år i Ungarn, og har ikkje angra eit sekund på at eg reiste ut som EVS-volontør. ( Eg skal innrømme at eg var i tvil om kva eg dreiv på med under innflyging til Ferihegy fyrste dagen, men kjensla slapp meg same stunda eg sette fot på ungarsk jord. )

Før eg reiste til Ungarn kunne mine kunnskapar om landet listast slik:

1. Ungarn ligg i aust-Europa ein stad.
2. Hovudstaden er ein by som heiter Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.

Eg kan no korrigere meg sjølv, og fortelje at:

1. Ungarn ligg i Sentral-Europa, i alle høve om du talar med ein ungarar. Aust-Europa er Romania, Ukraina, og andre land som høyrer heime i ein heilt anna kategori enn Magyarország.
2. Hovudstaden er to byar, Buda og Pest, der sistnemnde er hovudstad. Ein ungarar som reiser til Budapest seier han skal til Pest, ikkje Buda eller Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.

Om nokon lurer på noko meir, anten om evs, Ungarn eller kakerlakkar er det berre å sende meg ein straumpost på audunkj alfakrøll gemæijl dått komski.

Heilt til sist kan eg nemne at alt tyder på at eg er biten av volontør-basillen, for eg reiser vidare austover i august. Då skal eg jobbe som engelsklærar i Ningxia-provinsen i Kina, eitt år.

Takk for meg!

- Audun, ikkje lenger i austre Ungarn
   
  A részeg hóember
  26. mai 2005
  írta Csörsztád Ödön

Volt egyszer egy kis hóember aki nem volt annyira boldog. Egész télen kint volt a friss levegőn, de most jön a tavasz, és minden nap süt a nap kicsit erösebben. "Az a nap buta", gondolta a hóember, és indult keresni egy hidegebb helyet, ahol ö lakni tud. Siettett, de nem talált semmit. Nagyon leverten és szomorún elment egy sörözőbe és alkoholba akarta fojtani a bánatát. Néhany sört után kicsit boldogobb volt. Ő talalkozott egy madárijestővel, és ők berúgtak. Megbarátkoztak, és késöbb pingpongot játszoltak. A madárijestő mondta, "hű, soha nem láttam ilyen jó pingpongozót", a hóember megpirult és mondta "ez most csak kivétel. Elöször játszok." Ők sokat beszélgettek, és a második tequilat után a hóember kidőlt. A következö reggel a hóember felkélt egy halószobában, ahol ő soha nem korabban volt. Ő forgolódott és látta a madárijestő csak az Ádámkosztümban. "Jó reggelt drágám!", mondta a madárijestő, "mit akarsz reggelizni?" - "fagyit, sok fagyit" mondta a hóember, és ráhányt a földre. "Istenem kicsim, nem baj" mondta a madárijestő, amikor látta az undorító dolgokot, amik a földön voltak. "Bocsika, kicsit rosszul voltam" mondta a hóember, és megkóstolta a fagyit amit a madarijesztő hozott. "Finom", motyogta a hóember. "Akkor, most munkába megyek" mondta a madárijestő hirtelen, "a földekre megyek, ott dolgozok egesz nyaron. Vissza jövök szeptemberben vagy novemberben. Ha akarsz te a hűtőszekrenyemben élhetsz. Tudom, hogy nem szereted a meleget. Ők megcsókolták, és a hóember a hűtőbe bemászolt, mert nagyon meleg volt. "Jó éjszakát" mondta a hóember.


"Den fulle snømanen" var ei historie eg skreiv som lekse til ein av dei siste ungarsktimane vi hadde. (Foto: evalin )